Norsk

English

Deutsch

Grimdalstunet

Litt om Grimdalstunet

Fjellgarden Grimdalen ligg 630 m.o.h. Vi er ikkje eit vanleg museum, som samlar gjenstander. Vi tek vare på den gamle fjellgarden med 10 hus og gardskvern. Det eldste huset er frå seinmiddelalder og det yngste oppset i 1850. Bygdetun finst det i mange bygder, men det unike med Grimdalstunet er at ingen av bygningane på garden er tilflutte frå andre stader. Alt er grodd opp etter trong. Garden, tunet og bygningane er såleis autentiske.

Dei gamle husa er samla rundt eit større tun. Tunet og husa er tekje godt vare på. I den eine enden av tunet ligg Galleriet. Tunet er særs triveleg og har fleire gode sitjeplassar. Om sumaren er det to geiter og høner ved tunet.

Frå tunet går det ein godt opparbeid turstig som har plakatar med informasjon om dyre- og planteliv.

Grimdalstunet ligg ca 9 km frå Dalen ved riksveg 45. Riksveg 45 går frå Dalen – forbi Grimdalstunet og over til Setesdal. Det er ein del av Suleskarsvegen over til Stavanger.

Grimdalstunet har ope kvart år frå 1. juni til 1. sept. Vi har eit godt besøkt tun og galleri.

Utforming: kandesign
logo
logo