Velkomen til Grimdalstunet

"Får eg leira i hendene og tek til å forme, går det sæle søkk gjennom heile meg"

Anne Grimdalen

Grimdalstunet

Her kan du få eit blikk inn i heimen til kunstnaren Anne Grimdalen, ein fjellgard frå 1600-talet som idag er museum med kunstgalleri. Anne Grimdalen testamenterte meir enn 250 skulpturar til dette føremålet før ho døydde.

Garden Grimdalen har det einaste tunet i Telemark som er intakt frå naturalhushaldet si tid, 10 hus + gardskvern, og alle står på sin opphavlege plass.

Vi opnar 25.mai 12 og held ope kvar dag, fram til  19. august 12. Opningstid kl. 10 - 17.
Utanom desse tidene kan ein gjere særskilt avtale.

Kafè med god tradisjonsmat og utsyn over tunet!

I vår lille butikk sel me bøker, smykke, div. trearbeid, saueskinn og ulike ting av strikk.

Vi har og knivar frå Kåre Halvorsen, Herre. Fleire av knivane hans har fått 1.premie

 

Prisar:

Vaksne                              kr:   50,-

Grupper (o/ 12 stk)         kr:   40,-

Born (u/ 7 år gratis)        kr.   10,-

 

 

Samarbeidspartnerer

Dalen Hotel                                                                                 

Quality Straand Hotel & Resort

                                                                                                          

 

 

 

Utforming: kandesign
logo
logo